Digital fortelling om Mi språkhistorie
Her beskrives et pedagogisk opplegg om digital historiefortelling som er utarbeidet av Åshild Søfteland som jobber ved Høgskolen i Østfold. Emnet er NOR103 Språkleg mangfald, variasjon og endring (5-10/årsstudium/KFK) Temaet i undervisningen er en introduksjon til språkleg og dialektalt mangfald og den norske språksituasjonen. Oppgaven heter: Digital fortelling om Mi språkhistorie.
Bakgrunn
Emne NOR103 Språkleg mangfald, variasjon og endring er det tredje emnet i 60 stp. fordjuping i norsk på MAGLU (5-10, delvis også 1-7) og norsk årsstudium. Det er også første emne på KFK-studiet Norsk 2 for lærere 5-10. Faglege tema i dette emnet er:
- Talemålsvariasjon (dialektologi og sosiolingvistikk)
- Språkhistorie
- Norsk som andrespråk / fleirspråklegheit
- Sidemålsdidaktikk
- Nabospråksdidaktikk / nordiske språk
Fleire delar av dette emnet kan eigne seg godt som tema for digital historiefortelling med meir fagleg fokus og/eller samfunnsfokus, slik t.d. den delte historia om Aasen og Knudsen er eit godt eksempel på. Dersom det derimot skulle vere eit krav om personleg utgangspunkt i digitalfortellingane, er det ei oppgåve vi pleier å ha i starten av kurset som kunne passe godt: Munnleg og/eller skriftleg gjengiving av Mi språkhistorie.
For fleire år sidan starta eg med dette i dialektologiundervisninga på UiO for å få oversikt over studentanes dialektbakgrunn og tankar om eiga målform – primært for å vite kva ressursar eg hadde tilgjengeleg i klasserommet. Vi hadde ein kort runde munnleg i plenum (eksemplifisert av meg) og deretter lengre skriftlege svar i eit enkelt spørjeskjema som blei samla inn. I undervisninga på NOR103 på HiØ har eg stort sett gjort dette berre munnleg – kor kjem du ifrå? kva dialekt(ar)/språk snakkar du? korleis var det sosiolingvistiske miljøet der du gjekk på skule? Men andre kollegaer har seinare gjort dette til ei skriftleg innlevering som grunnøving i sosiolingvistisk refleksjon og bruk av faguttrykk. Vi har fått tilbakemeldingar om at dette fungerer godt for studentane, og har også bruka studentsvara som bakgrunnsdata for sosiolingvistisk forsking.
Pedagogisk opplegg
Studentgruppe: andreårsstudentar på MAGLU + studentar på årsstudium (samkøyrt)
Rammer: Oppstart av emnet NOR103 Språkleg mangfald, variasjon og endring Hovudsakleg dei første 1-2 timane i semesteret, men med linjer vidare.
Arbeidsmåtar: Forelesing, vising av digitalfortelling, samtale i plenum, individuelt skriftleg arbeid og refleksjon, drøfting i grupper, individuelt digitalt arbeid
Dag 1 – Time 1
- Introduksjonsforelesing med oversikt over tema og arbeidsmåtar i emnet generelt. Zoome inn på dialektologi, sosiolingvistikk og språkendring med sideblikk til skriftspråk
- Opent (retorisk) spørsmål til salen: Kva språkleg bakgrunn har de? Eg vil gjerne bruke dei ressursane vi har i klasserommet så mykje som mogleg: Dersom nokon har skarre-R eller mykje palatalisering i dialekten sin kan dei få gi eksempel når vi kjem til desse språktrekka. Dersom nokon har vakse opp i Oslo kan dei hjelpe oss med å analysere hovudstaden sosiolingvistisk. Dersom nokon har to eller fleire morsmål kan dei gi oss konkrete eksempel på fleirspråkleg praksis. Har nokon fått sleivete kommentarar på val av spesielt radikale eller konservative skriftspråksformer?
- Før eg ber om svar på desse og liknande spørsmål, vil eg vise min eigen bakgrunn gjennom ei digital historiefortelling: Mi språkhistorie Þ Eksemplifisere for vidare studentarbeid
- Opent for spørsmål/kommentarar frå salen (plar ikkje å vere så mange på denne tida) Deretter får alle individuell tid til å skrive ned punkt om si eiga språkhistorie. Først nokon minutt fritt, etter kvart får dei ei punktliste med spørsmål på tavla.
Dag 1 – Time 2
- Studentane får beskjed om at dei skal bruke notatane sine inn i vidare arbeid med si eiga digitale historiefortelling om Mi språkhistorie. Den skal vere klar om ei veke, slik at den kan delast med faglærar og medstudentar. (Om den blir vist i plenum eller ikkje kjem an på kor mange studentar det er. Går ikkje med 40 stk.)
- Deretter får dei litt meir tid til å reflektere og notere individuelt, før dei går saman i grupper for å dele det dei har tenkt og gjort og drøfte planar vidare for seg sjølv og dei andre i gruppa.
- Før timen er over skal studentane levere inn ei kort skisse over sentrale punkt dei vil ha med i si historiefortelling. Set av tid til begrepsavklaring og tekniske spørsmål.
Dag 1 – Time 3
Vidare arbeid med introduksjon til dialektologi og sosiolingvistikk. Etter timen: Formidle læringsvideoar og andre læringsressursar om digitalfortelling
Dag 2 (normalt dagen rett etter Dag 1)
Temadag om nordiske språk og nabospråksdidaktikk
Korte forelesingar, praktiske språklege oppgåver, didaktisk refleksjon, musikk/song mm
Dag 3 – Time 1 (normalt ei veke etter Dag 1)
Vising av dei digitale historiefortellingane til studentane, i plenum, grupper eller individuelt (kjem an på studenttalet)
Drøfting av arbeidet – kvar student deler eitt punkt frå eiga historie som er spesielt sentralt/interessant/vanskeleg/gøyalt
Oppgåve til studentane
Bakgrunnsinformasjon til bruk i digital historiefortelling: Mi språkhistorie
- Kor kjem du ifrå?
- Kva slags dialekt(ar) snakkar du?
- Har du fleire morsmål / andre språk som er viktige for deg?
- Kva dialekt(ar)/språk snakkar foreldra dine? Søsken? Nære venner?
- Korleis var det sosiolingvistiske miljøet der du vaks opp?
- Korleis vi du seie at språket ditt har endra seg gjennom livet til nå?
- Kva skriftspråk brukar du mest?
Bokmål? Nynorsk? Begge?
Radikalt, konservativt eller meir moderat stilnivå?
Vel ut det du synest er mest interessant eller viktig til di fortelling.
Omfang: ca. 2-4 minutt // ca. 15-20 bilete // ca. 500-700 ord.
Målgruppe: Medstudentar. Arbeid gjerne i grupper, spesielt med tekniske utfordringar, men alle leverer individuelt